Bli med på ei reise i vikingtida

Reis tilbake i tida, og gjer deg klar for ein dag med opplevingar frå vikingtida. Søndag 4. august blir ein aktivitetsdag for heile familien, der du kan få prøva deg i sverdkamp og du kan laga både skinnpung og Torshammar. Det blir også mogleg å få ein smak av vikingbrygg.

DEL

Vikingdagen på Lygra er ein av fleire historiske tilbod i sommar. Neste søndag er det klart for marknad i gamal stil på Bogatunet på Radøy.

Lyngheiene på Lygra har ei lang historie. Her har både Olav den Heilage og Håkon den gode sett sine fotefar, her finn du vikinggraver og litt av kvart. Her kan du også testa ferdigheitene med pil og boge, og du kan vera med i sverdkamp og vikingspel. med Tidsreiser.
– Du kan laga ditt eige handverk. Det er også spennande med det digitale brettspelet, Hnefatafl, ei form for vikingsjakk som er utvikla etter funn frå vikingtida, fortel Mona Karstensen, prosjektleiar ved Lyngheisenteret.

Bokdykk med Alver

Det blir også bokdykk med Liv Margareth Alver i kinosalen på Lyngheisenteret, forfattaren bak både Slangeringen og Hanseatene. Korte filmsnuttar med vikingtema i kinosalen. Filmane er lånt ut frå Kulturhistorisk museum i Oslo

Lyngheisenteret har overtatt rolla som arrangør etter Nordhordland Frie Vikingar.

– Vi treng litt tid på å finna fram til ei ny og eiga form. Difor har vi «berre» ein dag med vikingtema i år, utan marknad, men med handverk, aktivitetar, vikingmat og anna, seier Karstensen.
Restaurant Matstova vert «Gildehall» for anledninga, med vikingmat på menyen, og ute vert det grilling av bl.a. kortreiste lammeskankar. Arrangøren kan også freista med smaksprøve på Vikingbrygg.

Gamaldags marknad på Bogatunet

Neste søndag (11. august) kan du vera med på ein marknadsdag i gamal stil på Bogatunet, eit freda anlegg der den eldste delen av det samanbygde våningshuset er frå slutten av 1500-talet. Det blir omvising og sal av lokalmat og tradisjonshandverk, og du kan også få prøva deg på ulike handverk. Her kan du få helsa på ulike dyr, og det vert aktivitetar som rebusløype, stylter, kubb, kattepinen og konkurransar som mjølkespannhalding. Elevar frå kulturskulen syter for musikalsk underhaldning. I Nordre Vågen er det moglegheit til å ta roknappen og få låna robåt og kajakk. Arrangementet er eit samarbeid mellom Radøy kommune, sogelaget, Keipane kystlag og bonde- og småbrukarlaget.

Bogatunet har ope hus med omvising og aktivitetar om søndagane i sommar. Denne søndagen (4. aug.) skal slåtten gjerast unna, og dei som vil kan få prøva seg å slå med ljå, hesja og bryna ljå på slipestein.

Artikkeltags