Veksling mellom vintertid og sommartid er tøft for hjartet

STILLE KLOKKA: Neste år kan bli det siste året med veksling mellom sommartid og vintertid dersom EU-kommisjonen får det som dei vil. Noreg er då venta å følgje etter.

STILLE KLOKKA: Neste år kan bli det siste året med veksling mellom sommartid og vintertid dersom EU-kommisjonen får det som dei vil. Noreg er då venta å følgje etter. Foto:

Av

Det er kalla det største søvneksperimentet i verda og aukar risikoen for hjarteinfarkt og ulykker. I helga må vi stille klokka, men i 2021 kan det vere slutt.

DEL

Natt til søndag klokka 3 er det igjen klart for vintertid i Noreg og over 70 andre land, og klokka må stillast éin time tilbake. Tilsvarande må klokka stillast fram igjen med ein time søndag 29. mars neste år.

Å be befolkninga endre søvnen fram og tilbake på denne måten to gonger i året, har vorte kalla det største søvneksperimentet i verda. 1,6 milliardar menneske i 76 land «deltar». Og eksperimentet viser tydeleg at sjølv det å berre miste éin time søvn, kan vere svært farleg for enkelte.

Om våren, når vi mistar ein time søvn, aukar nemleg talet på innleggingar med hjarteinfarkt med 24 prosent på verdsbasis dagen etter. Om hausten, når vi får ein time meir søvn, er det dokumentert 21 prosents reduksjon i hjarteinfarkt. Den saman tendensen ser ein også når det gjeld bilulykker og sjølvmord, skriv nettmagasinet Harvest , som siterer boka «Hvorfor vi sover» av professor i nevrovitskap og psykologi Matthew Walker.

Stressar kroppen og hjartet

Professor og søvnforskar Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen seier det er dokumentert at kuttet på éin time søvn på våren, fører til fleire trafikkulykker, fleire hjarteinfarkt og fleire innleggingar på psykiatriske avdelingar dagen etter.

Bjorvatn seier årsaka er at det å miste søvn, stressar heile kroppen og ikkje minst hjartet.

– Det er derfor ein legg endringa til helga. Hadde ein lagt ho til natt til måndag, ville nok utslaga vore endå verre, seier han til NTB.

– Samtidig meiner eg det er uheldig å gå ut med slike prosenttal, for det kan få folk til å tru at risikoen er større enn det han er. For dei aller fleste går det veldig greitt, men for nokre sårbare grupper kan det vere helseskadeleg. Dette er tal på verdsbasis, og det dreier seg om ein prosentvis auke frå eit i utgangspunktet lågt tal på hjarteinfarkt, understrekar Bjorvatn.

Bjorvatn er samtidig heilt klar på at han meiner vekslinga mellom vintertid og sommartid må bort.

– Det er jo berre tull og skaper altså problem for enkelte. Eg har i mange år meint at vi bør kutte ordninga jo før jo betre, seier han.

Blir truleg fjerna i 2021

Ordninga syng òg truleg på aller siste verset i Europa. EU-kommisjonen foreslo i fjor haust å avvikle ordninga internt i EU. Ei undersøking har vist at 84 prosent i EU ønsker å fjerne sommartida. Saka er ikkje ferdig behandla enno, men dersom det blir vedtatt, er det venta at Noreg følgjer etter. Det er lagt opp til at ei eventuell endring vil skje i 2021.

– Å stille klokka vekkjer engasjement hos veldig mange. Noreg er i gang med å vurdere kva vi skal gjere, og vi planlegg å sende ut dette på høyring om ikkje altfor lenge, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), som også er Noregs tidsminister.

Han seier norske styresmakter no ventar på behandlinga i EU, der det for tida går føre seg diskusjonar i rådet. Målet er at EU-landa skal bli samde i byrjinga av desember. Sidan kvart medlemsland kan få bestemme om dei vil halde fram med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere fleire tidsforskjellar i Europa.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980, og dessutan i nokre periodar tidlegare.

Fakta om vintertid og sommartid

  • Ei ordning med å stille klokka ein time fram om våren og ein time tilbake på hausten igjen. I Noreg blir dette ofte kalla sommartid og vintertid. Det er vintertida som blir rekna som normaltid.
  • Norsk normaltid ligg éin time før universaltid. Ved overgang til sommartid blir norsk tid liggande to timar før universaltid.
  • I dag nyttar 76 av landa i verda systemet med sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda.
  • Meir enn 140 land har på eit eller anna tidspunkt brukt sommartid. Rundt halvparten har avvikla ordninga.
  • EU-kommisjonen foreslo i fjor haust å slutte med sommartid, saka er enno ikkje ferdig behandla. Det er venta at Noreg vil følgje etter dersom EU kuttar sommartida. Ei eventuell endring vil truleg skje i 2021.
  • Sidan kvart medlemsland kan få bestemme om dei vil halde fram med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere fleire tidsforskjellar i Europa.
  • Ordninga har vore grunngitt med å få lengre og lysare kveldar om sommaren, og dessutan energisparing. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson var den første som foreslo sommartid. Han var forskar og ønskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.
  • Noreg hadde sommartid første gong i 1916, deretter 1940-45, 1959–1965 og så kvart år sidan 1980.
  • Ein god hugseregel for kva veg klokka skal stillast, er å tenkje at ein om våren ser fram til sommaren og stiller dermed klokka fram. På hausten lengtar ein tilbake til sommaren og stiller klokka tilbake.

Kjelder: Nærings- og fiskeridepartementet og timeanddate.no.

Artikkeltags