Hjelpetelefonane overvelda av pågangen i jula

Biskop Kari Veiteberg under gravferda til Ari Behn.

Biskop Kari Veiteberg under gravferda til Ari Behn. Foto:

Av

Mental Helse seier pågangen på hjelpetelefonen har vore så stor etter bortgangen til Ari Behn, at dei ikkje får svart meir enn 60 prosent av dei som ringjer.

DEL

– Vi hadde allereie bemanna opp før julehøgtida og brukar no alle ressursar vi har, men klarer likevel ikkje å svare alle. Dei siste tala viser at litt over 60 prosent av dei som har ringt har fått svar. Dette er kjempevanskeleg, seier generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse til VG.

Mental Helse seier dei aldri før har opplevd liknande pågang til hjelpetelefonen, og at auken enkelte dagar har vore på over 100 prosent.

Mellom 25. og 30. desember fekk den døgnopne telefontenesta 4.267 samtalar, medan chattetenesta har hatt ein auke på 110 prosent.

Også Kirkens SOS har sett ein klar auke i talet på førespurnader til kontakttelefonen deira, og opplyser til VG at svarprosenten er på 63 prosent, eit stykke under målet om 75 prosent.

Kommunikasjonsansvarleg Hailey K. Hammer seier til VG at dei ser auken i samanheng med omtalen av sjølvmordet og bisettinga til Ari Behn.

Hjelpetelefonen til Røde Kors for dei opp til 18 år seier likevel at det ikkje er registrert nokon auke i talet på førespurnader, samanlikna med same periode i fjor.

Artikkeltags