Ove Bjarne fekk Erna på sjukebesøk

Det nye sjukehuset har vore i drift i to veker. Tirsdag var det offisiell opningsseremoni. Foto: SKJALG EKELAND

Det nye sjukehuset har vore i drift i to veker. Tirsdag var det offisiell opningsseremoni. Foto: SKJALG EKELAND Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Splitter nytt sjukehus for nordhordlendingane opna i Ulriksdalen. – Det mest moderne sjukehuset i Norge, meiner overlege.

DEL

BA: Tirsdag formiddag vart det nye kjempebygget på Haraldsplass DiakonaleSykehus opna.

Både helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg var tilstades for å kasta glans over hendinga.

– Vakre omgivelsar er bra når ein er sjuk, men det som tel mest er atpasientane får god behandling. På Haraldsplass er pasientane i gode hender,konstaterte statsministaren i sin tale til tilsette og frammøtte.

Mange einerom

Det nye sjukehuset er knytt saman med gamle Haraldsplass som gradvisskal rustast opp.

Også Sunniva senter, som gir lindring til uhelbredeleg sjuke, harflytta inn i nybygget. Det er til saman 170 sengeplassar i bygget.

– Tre fjerdedelar avromma er einerom, noko som er eit stort pluss for pasientane. Det er store, lyseog moderne rom. Vi er veldig fornøgde med utforminga, sier Paal Naalsund,konstituert klinikkoverlege på Haraldsplass.

Istadenfor lange korridorar som ofte kjenneteiknarsjukehus er nybygget på Haraldsplass utforma på ein meir moderne måte.

– Her er fleire tun som ligg i ein slags sirkel. Detgjer bygget meir intimt og oversiktleg. Vi har tatt eit langt steg inn iframtida. Akkurat no er vi det mest moderne sjukehuset i Norge, meinerNaalsund.

Saka fortset under faktaboksen

NYE HARALDSPLASS

· Det nye sjukehusbygget på fem etasjar inneheld blant anna eit nytt akuttmottak og nye sengeavdelingar med til saman 170 sengeplassar.

· Bygget har hovudsakleg einerom og moderne fasilitetar for pasientar, pårørande og tilsette. Nybygget er 14500 kvadratmeter stort.

· Det nye sjukehuset er knytt saman med gamle Haraldsplass som gradvis skal rustast opp.

· Prosjektet er teikna av C.F. Møller Architects og er bygd opp omkring to atrier som slepp inn dagslys og eliminerer tradisjonelle lange korridorar.

Rosar fasilitetane

Ove Bjarne Hindenes frå Lindås har vore pasient på det nye sjukehusetsidan det vart tatt i bruk for første gong for 14 dagar siden.

Han helsa på statsministaren etter opningsseremonien.

– Hyggeleg det. Eg vart spurt på førehand om det var greit at ho kom innomog det synes eg det var, seier Hindenes, som er innlagt med hjarte- ognyreproblem.

Saka fortset under bildet

Statsministar Erna Solberg og helseminster Bent Høye helsa på lindåsingen Ove Bjarne Hindenes etter opningsseremonien. Foto: SKJALG EKELAND

Statsministar Erna Solberg og helseminster Bent Høye helsa på lindåsingen Ove Bjarne Hindenes etter opningsseremonien. Foto: SKJALG EKELAND

Han skryt av det nye sjukehuset.

– Det er kjempebra. Og dei somjobbar her gjer ein kjempejobb. Vi har det så bra som vi kan ha detsom pasientar, seier han.

Gerd Nøkling, også ho pasient, meiner nybygget er ein betydelegoppgradering.

– Eg har brukt det gamlebygget mykje som pasient. Det har vore eit sakn at det ikkje har vore meirmoderne. Men dette er ei fantastisk oppgradering. Store rom med eige bad. Deter ein suite i forhold, meiner Nøkling.


Artikkeltags