Båt har gått under i Gulen

DEL

Klokka 16.59 kom meldinga frå 110-Hordaland om at ein 15 fots båt tek inn vatn i Byrknes i Gulen kommune.

Brannvesenet reiste til staden.

Klokka 17.18 melde brannvesenet om at båten hadde gått heilt under.

– Stor sjø i båthamna, skriv 110 Hordaland på sin Twitter-profil.

Brannvesen gjer naudsynte tiltak og prøver no å få opp båten.


Artikkeltags