Steinras stengte veg i Gulen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Siste: Klokka 13.26 melder vegvesenet at vegen er rydda og opna for trafikk.

Fv. 4 ved Brandangersundbrua mellom Sløvåg – Ånneland er stengt inntil vidare grunna eit steinras.

– Entreprenør er på staden og undersøker, vi ventar på tilbakemelding, seier trafikkoperatør Jan Erikstad i vegtrafikksentralen.

Raset vart oppdaga i halv sekstida torsdag morgon.

– Folk passerte raset i starten, men det har komme meir stein etter kvart, og no er vegen heilt stengt, seier Erikstad.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags