Arbeidsulykke i Gulen: To til sjukehus med luftambulanse

To arbeidarar falt ned i lasterom i båten.

DEL

Onsdag kveld, i 20-tida, kunne politiet melde om arbeidsulykke i Gulen. På Dalsøyra skal to personar ha blitt skada, i ein båt som ligg til kai på staden.

Det heile skal dreie seg om ei fallulykke, der den eine har eit brudd i foten. Den andre arbeidaren sin tilstand er foreløpig ukjend.

– Dei to har jobba i båten, og i samband med arbeidet skal dei ha falt ned i eit lasterom på båten, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, til Avisa Nordhordland.

Begge dei to skadde har blitt sendt til sjukehus med luftambulanse. Politiet avhøyrer no vitne, samt sikrar spor på staden.

Artikkeltags