Rykka ut til vogntogvelt i Gulen

DEL

OPPDATERT: Politiet på staden seier at det er særs glatt på staden, og at vogntoget har gode dekk.

Det velta vogntoget er ikkje til hinder for trafikken, og bilbergar er rekvirert.

Naudetatane er på veg til eit vogntog som har velta. Det opplyser 110-sentralen i Hordaland på Twitter.

I følge brannvesenet skal ulykka ha skjedd på Midtunvegen i Gulen.

Vest politidistrikt melder at Det er ein semitrailer som har velta over på sida.

– Førar har vondt i hovudet og er noko i sjokk. Lokal brannmann er på staden, melder politiet.

Politi og ambulanse er på veg til staden.

Artikkeltags