Gå til sidens hovedinnhold

Del dine topp tre ferietips i Gulen

Artikkelen er over 3 år gammel

Hjelp oss å vise fram noko av det beste Gulen har å by på i ferien ved å svare på spørjeskjemaet under!

Sommarferien står for døra, og i det strålande vêret kan ein spontan tur til eige nærområde vere midt i blinken. Men kvar skal ein reise? Nordhordland og Gulen er spekka med små og store perler for den som tek seg tid til å leite. I denne omgang er det Gulen vi ønsker å zoome inn på, med di hjelp.

Har du oppdaga ei perle, er det ikkje sikkert du vil dele den. Vi håpar likevel at du som har feriert i Gulen ein gong eller ti vil dele dine topp tre tips til andre som kunne tenke seg å utforske denne mangslungne kommunen i ferien. Aktivitetar, stader, turtips, fiskeplassar - alt er lov, så lenge det let seg kombinere med sol, sommar og god stemning!

Les også

Sjøperler i Nordhordland

 

Ved å svare på skjemaet under gjev du oss tips som vi vil samle i ei sak i det kommande sommarmagasinet vårt. Svaret ditt vert ikkje synleg for andre enn oss i redaksjonen, men vi vil kunne bruke svaret ditt i saka vår, til glede for alle våre lesarar.

Les også

Knappen er Kjersti og Jarle sitt ferieparadis

 

Kommentarer til denne saken