Mann var sint og utagerande mot gjestar

Laurdag kveld fekk politiet meldingar om ein rusa og svært sint mann.

DEL

(FIRDA:) Han var utagerande mot både gjestar og tilsette ved Skjerjehamn i Gulen.

– Det tar litt tid før politiet kjem seg ut der, då har mannen gått heim til bustaden sin, seier Dag Olav Sætre, ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Politiet oppsøkte mannen der han budde, og fekk kontroll på han der.

– Meldinga var dramatisk, men det ser ut til at det roa seg raskt ned, Sætre.

Ingen personar skal vere skadde eller utsette for vald.

Artikkeltags