Heimevernet varslar stor øving: Ber publikum halda seg vekke frå øvingsområda - lausammunisjon kan bli brukt

Heimevernet ber publikum om å etterkomme skilting og oppmodingar frå militært personell i høve øvingsaktiviteten 12-18 juni.

Heimevernet ber publikum om å etterkomme skilting og oppmodingar frå militært personell i høve øvingsaktiviteten 12-18 juni. Foto:

Heimevernet skal gjennomføra øving 12.-18. juni.

DEL

Heimevernet varslar i ei pressemelding om at det under øvinga vil vere synleg militært personell i lokalsamfunnet, særskilt langs vegar og knutepunkt. Øvinga vil i hovudsak skje i Gulen kommune og Masfjorden kommune.

Mannskapa vil bere våpen og lausammunisjon.

Lausammunisjon kan bli brukt

– Gjennom heile perioden vil det vere aktivitet ved Frøysetvågen skytebane i Masfjorden, og Tjørnaleitet Skytebane i Gulen, skriv kaptein i Heimevernet, Thor Arne Adiego i ei pressemelding sendt til Avisa Nordhordland.

Publikum vert oppmoda om å ikkje ferdast i områda ved desse skytebanene i perioden.

Det går fram at øvingsaktiviteten vil auke mot slutten av perioden og lausammunisjon kan bli brukt.

Etterkom skilt

Lokalt Politi vert informert om øvinga.

Heimevernet ber publikum om å etterkomme skilting og oppmodingar frå militært personell i høve øvingsaktiviteten.

Artikkeltags