Rykka ut til skorsteinsbrann i Gulen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Brannvesenet i Gulen rykka tysdag føremiddag ut til ein skorsteinsbrann i Takle i Gulen.

Det melder 110-sentralen på Twitter.

– Eigaren av huset frykta ei tid at det var tatt fyr i loftet, men det var det heldigvis ikkje, seier vaktkommandør ved brannvakta, Stig Tetler til avisa Nordhordland.

Brannvesenet rykka ut med mannskap frå Brekke, Dalsøyra og Matre.

– Eigaren klarde å sløkka brannen sjølv, men me køyrer fram med mannskap frå Brekke og Dalsøyra for kontroll, seier Tetler.

Artikkeltags