Ulykke på Fv 57 i Masfjorden

DEL

OPPDATERT: – Politiet fekk melding om ulykka 11.15, det var førar av bilen som sjølv ringde inn til naudetatane, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Føraren av bilen er ein mann i 50-åra.

– Han måtte ta ein unnamanøver for å unngå ein frontkollisjon med ein møtande lastebil, fortel Rebnord.

Sjåføren klagar over smerter i bryst og mage.

– Han vart undersøkt av lege på staden kort tid etter ulykka, og er sendt til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse.

Bilen skal berre ha fått kosmetiske skader i ulykka.

– Bilbergar er på veg til staden, og det er ikkje meldt om noko trafikale problem, seier Rebnord.

Operasjonsleiaren seier han ikkje veit om den møtande lastebilen stoppa etter hendinga.

– Det har eg ikkje opplysningar om no, seier han.

Artikkeltags