Namnet er frigitt etter dødsulykka

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Politiet har no frigitt namnet på den som omkom i ulykka på Fv 57 onsdag.

Den omkomne er Jarle Solibakke, 53 år. Han var busett i Lindås kommune.

Dei pårørande er varsla, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Jarle Solibakke var ute på jobb for Statens vegvesen då ulykka skjedde. Han køyrde i sin private bil, ein Volkswagen Passat, fortel lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland til BT.

Det var eit vogntog og ein personbil som kolliderte front mot front ved Espeland på Fv 57 i Lindås onsdag føremiddag. Vogntoget var lasta med tømmer på lasteplan og hengar.

Den omkomne var førar av personbilen.

Artikkeltags