Motorsykkelulykke i Gulen – førar til sjukehus

DEL

Ein motorsyklist er skadd etter ein ulykke med motorsykkel og bil i Gulen.

Ulykka skal ha skjedd på Fv 57, Gulafjordvegen.

– Førar er bevisst, har smerter i ein fot, naudetatene er på veg, melder politiet på Twitter.

Ambulanse er framme på staden. Føraren er bevisst og vaken, og vert køyrd i ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Politiet opplyser at ein bil framfor motorsykkelen har bremsa opp, og at MC-føraren ikkje klarte å stansa og køyrde i bilen foran.

Det skal berre vera mindre skader på køyretøya.

Motorsykkelulykke i Gulen – førar til sjukehus

Artikkeltags