Etterlyser 100-åringar til fotoprosjekt

109 år: I dag fyller Solveig N. Hagen 109 år. Ho er Norges nest eldste person, og var ein av dei første som vart fotografert til prosjektet «100 over hundre». Foto: Arne Årseth, Studio Nordhordland

109 år: I dag fyller Solveig N. Hagen 109 år. Ho er Norges nest eldste person, og var ein av dei første som vart fotografert til prosjektet «100 over hundre». Foto: Arne Årseth, Studio Nordhordland

Fotograf Arne Årseth skal portrettera 100 hundreåringar i 2019. No vil han ha kontakt med fleire personar på 100+.

DEL

BA: Til dagleg driv fotograf Arne Årseth Studio Nordhordland. Til tross for at han har vore fotograf på heiltid i 25 år, har han også rokke å gje ut ni bøker, hovudsakleg om lokalhistorie.

Foto- og bokprosjektet «100 over hundre» har fotografen frå Lindås gått svanger med i fire år. Først no i 2019, det siste året før Hordaland og Sogn og Fjordane blir til Vestland fylke, fann han anledninga.

Bok og utstilling i 2020

– Prosjektet skal bli til ei bok og ei utstilling i 2020. I boka blir portrettet supplert med ein tekst om personen som er fotografert, fortel han.

Så langt har Årseth fotografert seks hundreåringar.

– I førre veke var eg på Lyngbøtunet og fotograferte ei dame på 107 år. Og Solveig N. Hagen, som er Norges eldste person, fyller 109 år i dag, fortell han.

– Dei blir veldig glade når eg kjem på besøk med kameraet, seier fotografen. Årseth understrekar at alle over 100 år, eller som fyller 100 i 2019, er aktuelle for å delta i prosjektet.

Under fotoseansen er det alltid med eit familiemedlem som kan fortelja litt om livet til den som blir fotografert.

– Når ein er såpass vaksen, er ikkje hørselen nødvendigvis så god lenger.

Må ta to bilde i veka

I snitt må han fotografere rundt to i veka for å komma i mål.

– Kor mange 100-åringar finnest det i Hordaland?

– Det veit eg ikke, det er vanskelege tal å få ut.

Så langt er det kun éin av deltakarane i fotoprosjektet som er mann. Årseth blir spesielt glad om kjønnsbalansen blir betre enn den er til no.

Ta kontakt!

– Problemet er å få fatt i alle desse flotte menneska. Kan avisa hjelpa meg, spør han.

Klart vi kan. Ring fotografen på 909 94 102 om du har fylt 100, eller kjenner ein som har.

Artikkeltags