Gå til sidens hovedinnhold

Er du Nh-abonnent? Då kan du vinne billettar

Artikkelen er over 2 år gammel

Avisa Nordhordland gir vekk to billettar til Brann - Rosenborg på Brann Stadion søndag 28. oktober og to billettar til Medaasprisen måndag 29. oktober.

Avisa Nordhordland er inne i ein positiv trend og får dagleg nye abonnentar.

No ønsker avisa å gje to heldige abonnentar ei positiv overrasking, heilt uavhengig av kva abonnement ein måtte ha og kor lenge ein har vore abonnent.

Søndag kveld er det duka for storoppgjeret mellom Brann og Rosenborg på Brann Stadion. Kampen er svært viktig i gullkampen i eliteserien.

Måndag kveld er det duka for utdeling av Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen. Lars Lillo-Stenberg er tildelt prisen, og det blir konsert i tillegg til prisutdelinga.

Til kvart av arrangementa gir avisa no vekk to billettar til ein heldig abonnent.

– Dette er arrangement i to ulike kategoriar vi håpar er attraktive for mange av abonnentane våre. Vi veit at mange i Nordhordland er Brann-supporterar og Medaasprisen er eit av årets kulturelle høgdepunkt, seier Nh-redaktør Trond Roger Nydal.

Det einaste du treng å gjere for å vere med i trekninga er å skrive kva arrangement du ønsker billett til i kommentarfeltet på avisa si Facebook-side.

Billettane blir gitt vekk i ei trekning torsdag ettermiddag, og dei to vinnarane blir kontakta og publisert på vår nettside www.nordhordland.no torsdag kveld.

Kommentarer til denne saken