Midlertidig stans i arbeidet med berginga av KNM Helge Ingstad

Kranbåten Rambiz jobber ved den havarerte KNM "Helge Ingstad".

Kranbåten Rambiz jobber ved den havarerte KNM "Helge Ingstad". Foto:

Grunna sterk vind vert det ikkje arbeidd med KNM «Helge Ingstad» tirsdag, opplyser forsvaret.

DEL

BA: Kranlekterane og dykkerfartøya ligg på Hanøytangen, der blir det trent på operasjonar som skal gjennomførast i samband med løftet. Det skriv Forsvaret i ei pressemelding tirsdag morgon.

– Arbeidet vert gjenopptatt når vêret tilseier at det kan det, seier Vigdis Hvaal, kommunikasjonsrådgjevar i Forsvarsmateriell.

– Er det fare for materiell på grunn av vinden?

– Den sterke vinden er ikkje i nærleiken av den som var i nyttårshelga, men det er slik at ein ikke kan jobba der, seier Hvaal.

Ho opplyser at det ikkje er større fare for utstyret enn vanleg.

Det vart varsla kraftig vind i området, og lekteren som har lege ved sidan av havaristen, har returnert til kai, opplyser Sjøforsvaret måndag.

– Arbeidet med å trekke løftekjettingar under havaristen har halde på gjennom helga. Vi har no fått ytterlegare to kjettingar under skroget. Kranlekteren Rambiz returnerte i morgontimane måndag tilbake til Hanøytangen sidan det er varsla kraftig vind i området ved havaristen, opplyser Forsvaret.

Meteorologisk institutt melde om frisk bris i Bergen og sterk kuling ved Stureterminalen natt til tysdag.

Hjelpte til med berginga

Søndag låg Rambiz fortøydd på utsida av fregatten og hjelpte til saman med dykkarar å trekka dei siste løftekjettingane under skroget.

Forsvarsmateriell har håp om at hevinga av KNM Helge Ingstad kan begynne i midten av januar. Det skyldas at etaten skal vere nær ved å løyse problemet med at deler av fregatten ligg på havbotnen, skrev Bergens Tidende laurdag.

– Om vi nærmar oss ei løysing og kva den eventuelt blir, kan eg ikkje seia noko om. Hevinga skjer når all detaljplanlegging er på plass og vêret er bra, seier kommunikasjonsrådgivar Vigdis Hvaal i Forsvarsmateriell.

Fregatten ligg under vatn i fjøra i Øygarden i Hordaland etter kollisjonen med tankskipet Sola TS natt til 8. november i fjor. Dei siste vekene har Forsvaret jobba med å sikre skipet og gjere det klart til å bli heva.

Artikkeltags