Sivilforsvaret testar tyfonane i dag klokka 12

På landsbasis er det plassert omkring 1 250 varslingsanlegg med sirener som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Desse varslingsanlegga blir testa to gonger i året, blant anna no i januar.

På landsbasis er det plassert omkring 1 250 varslingsanlegg med sirener som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Desse varslingsanlegga blir testa to gonger i året, blant anna no i januar. Foto:

– Onsdag 8. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – lytt på radio» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

DEL

Dette skriv DSB på sin nettside.

Kvart år testar Sivilforsvaret sine varslingsanlegg i månadane januar og juni, for å sjekke at tyfonane verkar.

desse testane blir normalt utført andre onsdag i månaden, noko som i år blir 8. januar og 10. juni.

Totalt er det omkring 1 250 slike varslingsanlegg rundt om i landet, og dei er utstyrt med sirener. Sirenene skal takast i bruk for å varsle folk ved akutt fare, og kan bli tatt i bruk både i krigstid, òg i fredstider.

– I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med etterfølgande utslepp av giftige eller farlege stoff. Mens i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Tore Ketil Stårvik, som er sjef for Sivilforsvaret.

I fredstid er det politiet som har ansvar for å utløyse varslinga, og anlegga er for det meste plassert i byer og tettstader.

– Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga, seier Stårvik.

sivilforsvaret.no skriv dei at signalet:

Blir gitt med tyfonar slik: Tre signalseriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Tuting i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Betyr: Søk informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis ein skal stelle seg givast gjennom ulike media, f.eks. radio, tv, kriseinfo.no, sosiale medium mv.

Her kan du sjå kor dette gjeld i Nordhordland.


Artikkeltags