Heimevernet med øving i nærområdet

Frå måndag 21. oktober har Heimevernet øvd i fylket.

DEL

Dette melder blant anna Austrheim kommune via sin heimeside.

Dei skriv at Bergenhus heimevernsdistrikt 09 (HV-09) har varsla om at det er øving i perioden måndag 21. til måndag 28. oktober, med aktivitet mellom anna innanfor Austrheim sine kommunegrenser.

Også i Bergensområdet har Heimevernet vore til stades dei siste dagane, på øvinga Bjørgvin.

Heimevernet har tidlegare sagt at det vil vere både militære køyretøy og uniformert personell med skotsikre vestar og øvingsammunisjon i øvingsområda dei nyttar.

Denne aktiviteten vil også gå føre seg i Lindås kommune sine område.

Kva er Heimevernet?

  • Heimevernet fungerer som ein hurtig mobiliseringsstyrke for Forsvaret, og er med sin lokale tilknyting eit viktig bindeledd til det sivile samfunn og ein rekke beredskapsaktørar.

  • Heimevernet har det lokale, territorielle ansvaret på vegne av sjef for Forsvarets operative hovudkvarter.

  • Hovedoppgåvane er vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekter, nasjonal krisehandtering, bistand til politiet og anna støtte til det sivile samfunn.

  • Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 er et distrikt i Heimevernet, som har territorielt militært ansvar over fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, avgrensa nordover til Sognefjorden.


Artikkeltags