Torveig (69) er vekas vinnar av Stolpejakt-konkurransen

Det tok ikkje lang tid før Torveig Botnen blei biten av Stolpejakt-basillen. Med nokre vakre bilda frå turen til Klausagarden på Feste, er ho vekas vinnar av Stolpejakt-konkurransen.

DEL

– Turen gjennom «trollskogen» der tida har stått stille, og den mektige muren, var ei flott og ikkje minst ei overraskande oppleving. Eg hadde ikkje venta slik skog så langt ute på kysten, fortel Botnen til Avisa Nordhordland.

Botnen har ikkje jakta mindre enn 204 stolpar kor 20 av dei har vore i Alver. Ho har jakta stolpar på bubil-ferie, og fortel at det har vore stolpejakt i minst 4 fylke og 15 ulike kommunar.

– Det vert nok fleire fine turar utover hausten, og eg har som mål å klare alle i Alver innan fristen.

– Kven jaktar du stolpar med?
– Eg går saman med vennen min. I starten var eg nok den ivrigaste, men det vil eg påstå har enda seg sjølv om han ikkje er villig til å innrømme det. Han har moro av at eg ikkje lenger går ute nokon stad dersom eg ikkje får poeng, fortel Torveig.

Vidare seier ho at dei også går med gode venner og at ho går ein del med barnebarnet Tuva på 13 år.

– Ho blei fort like entusiastisk som farmor, og det blei etter kvart ei utfordring å følge hennar, fortel Botnen.

Det er ikkje tvil om kva Botnen synast om Stolpejakten.

– Stolpejakta er eit fantastisk prosjekt som eg håper vil spreie seg til mange fleire kommunar. For meg har det vore motivet til å komme meg over dørstokken, noko som eg har strevt med i fleire år.

Ho oppmodar fleire til å starta med stolpejakt.

– Det er veldig kjekt og helsesamt. Det er stolpar for dei aller fleste, også dei i rullestol og med avgrensa mogelegheit for å gå i terreng.

– Kva har vore den finaste turen til no?

– Det har voren Klausagarden på Feste. Visst kan det vere fint å nå toppar og nyte fin utsikt, men det gjer ein mange stader. Turen til Klausagarden, som var ein av dei fyrste turane, bydde på ein fantastisk trollskog som er meir sjeldan å oppleve. Attpå det, midt inne i trollskogen, trefte me ein liten flokk, og mellom dei var ei skulevenninne heimanfrå som eg sjeldan ser.

Hugs at me trekkjer ny vinnar kvar søndag til og med 25. august. Last opp ditt beste Stolpejakt-bilde på Instagram med #avisanh og #stolpejaktenalver eller send det til oss på Facebook. Kanskje det er DU som vinn neste veke?

Artikkeltags