Nordmenn drog kortet meir enn ni millionar gonger på Black Friday

Det var kaos fleire stadar på Black Friday. Her frå Oslo.

Det var kaos fleire stadar på Black Friday. Her frå Oslo. Foto:

Av

Bømlo og Kvinnherad var blant dei tre mest aktive. Sogn og Fjordane var det fylket med mest netthandel.

DEL

Det vart gjennomført nesten 9,3 millionar kortkjøp på handledagen Black Friday, ifølgje tal frå betalingstenestene Nets og Vipps. Det er ny noregsrekord.

Det er ein auke på nesten 3,5 prosent frå same dag i 2018 og ifølgje Nets dagen med mest kortbruk i Noreg nokosinne.

– For første gong er korta nytta meir enn 9 millionar gonger, seier Stein-Arne Tjore, pressesjef for Nets i Noreg.

Betalingskorta vart brukte til å handle varer og tenester for over 3,8 milliardar kroner, noko som er 1,9 prosent opp frå i fjor, då det vart handla for rundt 3,7 milliardar.

Kortbruken er fordelt på BankAxept-kort, internasjonale kort, kredittkort og elektroniske gåvekort.

Vipps-rekord

Netthandelen gjekk opp 12 prosent samanlikna med Black Friday i fjor. Samanlikna med ein gjennomsnittleg fredag vart det gjennomført 46 prosent fleire nettkjøp.

Vipps sette omsetningsrekordar både torsdag og fredag. Samanlikna med 2018 auka Vipps-omsetninga på Black Friday med 154 prosent.

Mange butikkar, både på nett og i fysisk format, utvida tilboda til å gjelde både dagane før og etter Black Friday. Black Friday-omsetninga auka ifølgje tal frå Klarna med 19 prosent frå i fjor, medan den andre vekehandelen auka med nesten 26 prosent.

Bømlo på topp

Ifølgje Klarna var Sogn og Fjordane det mest aktive fylket i netthandelen førre veke, medan Østfold var det minst aktive. Ein snittinnbyggar i Sogn og Fjordane handla 50 prosent meir enn ein snittinnbyggar i Østfold.

Dei tre mest aktive av dei 100 mest folkerike kommunane var Bømlo i Hordaland, Kvinnherad i Hordaland og Alta i Finnmark. Bømlo ligg åleine på topp, 37 prosent over snittet, medan Kvinnherad og Alta enda på delt andreplass, 31 prosent over.

Artikkeltags