Etiopias statsminister Abiy Ahmed får Nobels fredspris for 2019

Abiy Ahmed har jobba hardt for å etablere fred mellom Etiopia og Eritrea etter at han tiltredde som statsminister i 2018.

Abiy Ahmed har jobba hardt for å etablere fred mellom Etiopia og Eritrea etter at han tiltredde som statsminister i 2018. Foto:

Av

Ahmed, som er tidlegare FN-soldat, får fredsprisen for arbeidet sitt med å etablere fred med nabolandet Eritrea etter at han tiltredde som statsminister i 2018.

DEL

– Han utarbeidde raskt prinsippa for ein fredsavtale for å avslutte den langvarige, fastlåste situasjonen mellom landa, sa Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen då ho kunngjorde tildelinga.

Meisla ut avtale

– Då Abiy Ahmed vart statsminister i april 2018, gjorde han det klart at han ønskte å ta opp att fredssamtalane med Eritrea. I nært samarbeid med Eritreas president Isaias Afwerki meisla Abiy Ahmed på kort tid ut prinsippa for ein fredsavtale, sa Reiss-Andersen vidare.

Ho framheva fleire av handlingane hans etter at han tok over statsministerembetet.

– Han brukte sine første 100 dagar som statsminister til å oppheve unntakstilstanden i landet, gi amnesti til fleire tusen politiske fangar, avvikle pressesensuren, legalisere tidlegare kriminaliserte opposisjonsgrupper, avsetje korrupsjonsmistenkte militære og sivile leiarar, og dessutan i betydeleg grad auke innverknaden til kvinner i etiopisk politikk og samfunnsliv, sa ho.

Treng oppmuntring

Ho var òg klar på at dette er det riktige tidspunktet for å tildele prisen til Ahmed.

– Nokon vil sikkert meine at denne prisen kjem for tidleg. Nobelkomiteen meiner at det er nettopp no statsminister Abiys innsats fortener heider og treng oppmuntring, seier ho.

Kunngjeringa skjedde i Det Norske Nobelinstitutts lokale fredag klokka 11.

Det var registrert 301 kandidatar til Nobels fredspris i år – 223 personar og 78 organisasjonar.

Artikkeltags