I dag er den mest brannfarlege dagen i året

ILLUSTRASJONSFOTO: I fjor brann det mest på litle-julaftan.

ILLUSTRASJONSFOTO: I fjor brann det mest på litle-julaftan. Foto:

Det brenn mest i desember, og den mest brannfarlege dagen av alle var litle-julaftan i fjor, viser tal frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB.

DEL

(Østlendingen): Desembertala viser 359 brannar og branntilløp. Åtte personar omkom. Flest branntilfelle var på litle-julaftan med 23 hendingar.

– Litle-julaftan er ein dag prega av førebuingar og mykje bruk av levande lys og open eld. Dei fleste branntilløp startar ved komfyren på kjøkkenet, og dagen før dagen er det gjerne mykje feit julemat i grytene. Mange får besøk, og det er fort gjort å gløyma komfyren nokre sekund. For dei som blir ramma av brann i jula er det ekstra tragisk. Det kan sikkert vere flott å feire jul på hotell, men neppe om det er på grunn av at huset ditt har brent ned, seier Øyvind Setnes, ekspert på førebygging i Tryg Forsikring.

31 omkomne hittil i år

I fjor registrerte forsikringsbransjen vel 30.000 skadar etter brann, til eIn estimert skadekostnad på 6 milliardar kroner. I fjor omkom 39 menneske i brann, mens talet på omkomne hittil i år er 31. Av desse er 26 menn og 5 kvinner.

– Menn er overrepresentert blant omkomne og skadde i brannar og branntilløp, og ei av årsakene kan vere at dei generelt er dårlegare til å tenkje brannsikkerheit. Så høyrer det med at tre av fire som mister liver i brann er personar med nedsett funksjonsevne eller rusavhengige, samt at eldre over 70 år har opptil fem gonger høgare risiko for å omkome i brann samanlikna med resten av befolkninga, seier han.

Halvparten startar på komfyren

Nær halvparten av alle brannar og branntilløp i fjor starta på komfyren, og Oslo er fylket med klart flest slike hendingar.

– Dette er som regel tørrkokinger, ein gløymer kokeplata og i verste fall tar det fyr. Matlaging er ei av dei vanlegaste årsakene til brann, og i adventstida lagar vi mykje mat heime. Gløymde gryter med smult og ribbefett som tar fyr er ein av gjengangarane til alvorlege branntilløp, der dei aller fleste skjer på ettermiddagen, seier Setnes.

Røykvarslaren reddar liv

Statistikken for i fjor viser at det desidert brannfarlegaste rommet i ein bustad er kjøkkenet. Deretter kjem stova. I nær halvparten av tilfella vart brannen oppdaga av at nokon såg eller lukta røyk eller flammar, mens det i 13 prosent vart varsla av ein røykvarslar.

– Røykvarslaren er ei billeg og god livsforsikring, og det er jo spesielt om natta, mens ein søv, at den verkeleg kan utgjere forskjell mellom liv og død. At ein vaknar i tide til å berge seg sjølv og familien ut av ein bustad som er i ferd med å ta fyr, og det er ofte røyken som drep, seier han.

Fryktar brannar i juletida

I fjor omkom 39 personar i brann, i snitt har det omkome 62 personar kvart år sidan 1979. Over 80 prosent av alle dei omkomne har mista livet i bustadbrann. Men dei siste åra har det vore ein klar tendens at færre mistar livet i brann.

– Auka fokus på brannsikkerheit i form av røykvarslarar og brannsløkkingsutstyr, i tillegg til komfyrvakt på kjøkkenet, har heilt klart spelt inn her. I tillegg er mykje elektrisk utstyr blitt sikrare. Dei bruker mindre straum og utviklar mindre varme, for eksempel LED-belysning. Når så er sagt, i adventstida er det meir bruk av open flamme som stearinlys, noko som medfører auka brannfare og dessverre fleire bustadbrannar, seier han.

Gode råd for ei brannsikker advent- og julehøgtid:

  • Ver førebudd på at det kan brenne.
  • Test røykvarslarane jamnleg, ha seriekopla røykvarslarar.
  • Gjer deg kjend med korleis sløkkjeapparatet virkar.
  • Gjennomfør brannøving, vis barna rømningsvegane.
  • Skru av elektrisk julelys om natta, og når du ikkje er heime.
  • Gå aldri frå levande lys, sjekk at alle levande lys er sløkt. Unngå lysmansjettar og brennbar pynt.
  • Sjekk det elektriske anlegget, ikkje overbelast straumnettet.
  • Ver forsiktig med å bruke for mange skøyteleidningar og unngå store flokar.
  • Slå av komfyr, vaskemaskin og tørketrommel når du søv eller er ute.
  • Unngå tørrkoking, bruk komfyrvakt.
  • Ved brann, hugs denne rekkjefølgja: Redde – Varsle på 110 – Sløkkje.

Nøkkeltall branner i Norge:

  • I fjor rykket brann- og redningsvesenet ut til 3.537 branner i private hjem.
  • 39 personer omkom i branner. 438 ble fysisk skadd, og 21 ble alvorlig skadd.
  • Finnmark og Oslo topper boligbrannstatistikken, mens Rogaland og Akershus er lavest.
  • Vel 75 prosent av de som omkommer i brann er eldre eller pleietrengende, personer med nedsatt funksjonsevne og rusavhengige.
  • Eldre over 70 år har fire til fem ganger høyere risiko for å omkomme i brann sammenlignet med resten av befolkningen.
  • Per 18. desember har 31 personer omkommet i brann hittil i år. 26 menn og 5 kvinner.
  • I 2008 omkom 82 personer i brann.
  • For desember i fjor var det flest branner og branntilløp på lille julaften med 23.

Kilde: DSB

Artikkeltags