Brannøving i Eikåstunnelen: – Såg særs dramatisk ut

Brannvesenet øvde i Eikåstunnelen søndag formiddag.

Brannvesenet øvde i Eikåstunnelen søndag formiddag. Foto:

Brannvesenet øvde i Eikåstunnelen søndag formiddag.

DEL

(BA): – Vi sat ved frukostbordet, og der kom røyken veltande ut av tunnelen, fortel nabo Oddvar Nesse.

Naboen synast det så særs dramatisk ut, men fann raskt ut at det berre var ei øving.

– Dei må jo ha lurt fælt nede i Vikaleitet på kor denne røyken kom frå, seier Nesse.

Eikåstunnelen var stengt søndag formiddag mellom 0900 og 1130 på grunn av ei brannøving.

– Vi simulerte at ein bil hadde køyrt i fjellveggen, og at det var ein person som sat fast, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund.

Tunnelen var heilt stengt og omkøyring blei skilta.

Det var mannskap frå brannstasjonane i Arna og Åsane som deltok på øvinga. Det same gjorde Vegtrafikksentralen (VTS). Politi og helse var ikkje fysisk til stade på øvinga.

– Vi har eit fast øvingsprogram vi følger gjennom heile året. Det er viktig for oss å sleppe til og øve ute i objekta, denne gongen ein tunnel. Samhandlinga med andre etatar er også viktig å øve på, seier Lund til BA.

Det blei brukt teaterrøyk under øvinga, og søndag formiddag velta den ut frå tunnelen i Vågsbotn.

Tunnelen blei stengt i begge retningar fordi ein brukte tverrslaget mellom tunnelane som rømmingsveg.

Artikkeltags