Arrangerte reise tilbake til 1500-talet: - God stemning og ein flott møtestad

Data-alderen var lagt på hylla – i alle fall for ei stund. Også gammaldagse leikar har appell til dagens barn og unge. På marknadsdagen på Bogatunet fekk liten og stor prøva seg med kattepinn, klubb og stylter. Det vart også kåra radøymeistrar i mjølkespannhalding.