Rullebana på Flesland er stengt: – Vi snør ned

Foto:

Snø og slaps fører til store problem på flyplassen.

DEL

OPPDATERT: Klokka 08.30 vart rullebana opna att.

Klokka 0715 onsdag hadde det ikkje letta eit einaste fly frå Flesland.

– Vi snør ned, seier fungerande lufthavndirektør Øystein Skaar til BA.

Dei har alle tilgjengelege mannskap ute for å brøyta.

– Men vi får ikkje den friksjonen ein treng. Vi kan ikkje la fly landa slik tilhøva er no, seier han.

Det er uklart når rullebana kan opne.

– Vi håpar vi kan åpne klokka åtte, men dette er uvisst.

Det har samla seg ein god del passasjerar på flyplassen.

– Følg med på informasjonen frå flyselskapa, oppfordrar han.

Klokka 0730 var 16 avganger ramma av problema.

Artikkeltags