Politiet ber om permanent bevæpning på Flesland

Foto:

Onsdag 8.mai sendte Vest politidistrikt søknad om punktbevæpning på ubestemt tid.

DEL

BA: Politimeister Kaare Songstad opplyste til BA i januar at det var sett i gang ein prosess i politidistriktet for å klargjere grunnlag for at det skal givast såkalla punktvæpning på Flesland.

Søknaden om punktvæpning på Bergen lufthamn Flesland vart sendt til Politidirektoratet 8. mai.


– Bakgrunnen for søknaden er ein kombinasjon av trusselbildet, og at politiet har internasjonale forpliktingar knytt til tryggleik ved lufthamner. Opninga av den nye terminalen på Flesland har ført til større avstandar og ved eventuelle hendingar må politiet ha kort responstid, opplyser politiet i ein pressemelding.

Endeleg avgjerd fattast av Justis- og beredskapsdepartementet.

Punktvæpning betyr ein tidsubegrensa væpning av politiet knytt til eit bestemt stad. Slik væpning er knytt til sårbare objekt, som lufthamner, eller andre trafikknutepunkt, eller objekt som har stor symbolverdi.

På Gardermoen har politiet vore midlertidig væpna sidan november 2017. Politiet opplyser at det ikkje ligg føre seg konkrete truslar mot Bergen lufthamn.

– Dette er et føre-var-tiltak. Reisande på Flesland treng ikkje bekymre seg for eigen tryggleik, seier politimeister Kaare Songstad.

Artikkeltags