Ramponerte bil på Flatøy

DEL

Natt til søndag fekk politiet melding om ein bil som var ramponert på Flatøy.

– Bileigaren ringte oss klokka 02.19 og sa at nokon hadde gjort skader på bilen hans medan den stod parkert på innfartsparkeringa på Flatøy, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Litt seinare ringde samme mann til politiet igjen og sa at skadane var større enn fyrst oppdaga. Bilføraren vil melda saka på måndag.

– Om det er nokon som har sett nokon mistenkelege personar, vil me gjerne vita om det, seier Geitle.

Nordhordland lensmannskontor kan kontaktast på telefon 56 36 56 70.

Artikkeltags