Normal drift på ferja igjen, men kan snu på kort varsel

DEL

Fjord1 melder like etter klokka ni om at det er normal drift på sambandet Fedje - Sævrøy igjen etter at det torsdag måtte bli sett inn ein sterkare skyssbåt i uvêret.

Dei melder også at det er venta kraftigare vind utover dagen, og at det då vil vli sett inn skyssbåt som erstatning for ferja igjen på kort varsel.

Av operasjonelle årsaker vil følgande avgangar bli utført med skyssbåt: 19.50, 21.15 frå Fedje og 20.35, 21.55 frå Sævrøy.

Kvart på seks i dag tidleg melde dei også om at Leirvåg - Sløvåg-sambandet var i normal drift igjen. Her er det også venta aukande vindstyrker utover dagen, og då kan driften stoppast på kort varsel.

Artikkeltags