Havarikommisjonen varslar førebels rapport om Ingstad-forliset

Havarikommisjonen inviterer til pressekonferanse om havariet til KNM «Helge Ingstad» torsdag ettermiddag.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Havarikommisjonen inviterer til pressekonferanse om havariet til KNM «Helge Ingstad» torsdag ettermiddag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag vil Havarikommisjonen presentere ein førebels rapport etter fregattforliset i Øygarden natt til 8. november.

DEL

Havarikommisjonen inviterer til pressekonferanse om havariet torsdag ettermiddag.

– Den førebelse rapporten vil gi ein grov førebels hendingsgang for ulykka, i tillegg til informasjon som er henta inn i den innleiande fasen av undersøkinga. Vi vil òg gjere greie for framdrifta i det vidare arbeidet, og peike på område med behov for vidare undersøkingar, opplyser Havarikommisjonen i ei pressemelding.

Fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med det 250 meter lange tankskipet «Sola» klokka 4.03 natt til torsdag 8. november. Tankskipet var fullasta med 60.000 tonn råolje, og marinefartøyet vart påført ei stor flenge i skroget. Det rann meir vatn inn enn kva lensepumpene greidde å få ut. Fregatten mista styring etter kollisjonen og fekk hjelp av fleire slepebåtar med å bli dytta i land for å forhindre totalt havari.

KNM «Helge Ingstad» var på veg sørover etter å ha delteke i NATO-øvinga Trident Juncture i Trøndelag då ulykka skjedde.

Tankskipet vart hjelpt ut av både los og eskortebåt, og rører seg nordover i ein fart på om lag 6 knop.

Statens havarikommisjon for Forsvaret vil vere til stades på pressekonferansen.

Artikkeltags