Større problem med MF «Fedjefjord» enn først anteke

Litt forskjell på storleiken til MF «Fedjefjord» og Skyss sin «Tornerose».

Litt forskjell på storleiken til MF «Fedjefjord» og Skyss sin «Tornerose». Foto:

MF «Fedjefjord» fekk trøbbel torsdag morgon. Ferja vart også liggjande til kai fredag.

DEL

Oppdatering: Laurdag ettermiddag melder Norled at «Fedjefjord» er tilbake i normal drift.

– Det er noko med alarmsystemet som ikkje verkar som det skal, fortalde regionsjef, Inge Andre Utåker i Norled til Avisa Nordhordland torsdag morgon.

Då kunne Utåker fortelje at det var folk på veg som skulle sjå på feilen.

Vidare fortalde Utåker at dei vanlegvis bestiller skyssbåt via Fonnes båtservice.

– Dei hadde ikkje ledig båt. Difor har me no ein båt på veg frå Sunnhordland.

Det vart så sat inn skyssbåt frå Fedje som køyrde alle avgangane torsdag.

Torsdag ettermiddag kunne Utåker oppdatere med at MF «Fedjefjord» framleis ikkje er i orden.

– Ein anteke enkel feil har vist seg å vere vanskeleg, skriv Utåker i ein SMS til Avisa Nordhordland.

Han fortel at reserveferja MF «Utne» segler nordover i kveld for å vere klar til rutestart i fredag morgon.

Artikkeltags