Frå avgangen 17.35 i dag vert M/F Utstein sett inn i sambandet Fedje–Sævrøy.

MF Fedjefjord er tatt ut av sambandet for årleg vedlikehald, og har ei veke att på verkstad før den er klar.

I mellomtida har M/F Utne vore reserve på strekninga, men det har ikkje gått heilt problemfritt føre seg.

Klokka 21.38 torsdag kveld vart sambandet innstilt grunna tekniske problem.

– Det vart oppdaga olje i kjølevatnet. Då kunne vi ikkje risikera motorhavari, seier regionsjef Inge Andre Utåker i Norled.

– Lekkasjen kjem truleg frå ein oljekjølar. Når M/F Utne er i drift att veit vi ikkje no, men det vil ta litt tid, seier han.

Difor har dei no sett inn M/F Utstein som til dagleg trafikkerer sambandet Langevåg – Buavåg.