Øver på evakuering av anlegget: Varslar beredskapsøving på Mongstad

I samband med øvinga er det planlagt evakueringsalarm på anlegget, og det kan forekomma utrykning av naudetatar mot Mongstad.

I samband med øvinga er det planlagt evakueringsalarm på anlegget, og det kan forekomma utrykning av naudetatar mot Mongstad. Foto:

DEL

Equinor Mongstad melder at dei utfører rutinemessig øving på anlegget i dag torsdag frå klokka 17.00.

I samband med øvinga er det planlagt evakueringsalarm på anlegget, og det kan førekomma utrykking av naudetatar mot Mongstad.

– Dette er ei rutinemessig øving me har på anlegget, der me trener beredskapsorganisasjonen vår saman med eksterne partar og naudetatar, opplyser Equinor Mongstad på sine Facebooksider.

Dei øver fleire gonger i året på beredskapssituasjonar.

– Denne gongen har me også ønske om å øva på evakuering av anlegget og vil difor utløysa evakueringsalarmen, heiter det vidare.

Så skulle du høyra evakueringsalarmen frå Mongstad torsdag ettermiddag er dette altså ei planlagd øving på anlegget.

Artikkeltags