Punktert bil stenger Eikefet-tunnelen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Like over klokka 20.00 fekk politiet melding om ein bil som stod i ro inne i Eikefettunnelen på E39.

Det viste seg å vera ein bil som hadde fått eit flatt dekk.

– Me kan ikkje ha ein bil som står inne i tunnelen, difor måtte me stenga den til ein bilbergar har fått fjerna den, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit til avisa Nordhordland.

Det var fyrst litt kluss med bilbergar som måtte ta turen frå Bergen, men no har politiet fått rekvirert bilbergar frå Nordhordland og håpar på å få opna tunnelen om kort tid.

Artikkeltags