Kraftig bot for sjåfør: Køyrde 105 km/t i 80-sona i Eikefettunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Laurdag gjennomførte UP ein fartskontroll i Eikefettunnelen i Lindås kommune

– UP var på staden for å kontrollera bilistane mellom klokka 11.00 og 12.45, seier operasjonsleiar Morten Rebnord, ved Vest Politidistrikt til Avisa Nordhordland.

To sjåførar fekk førelegg.

– Den høgaste farta var 105 km/t i 80-sona, seier operasjonsleiaren.

Føraren med den høgste farta køyrde 25 km/t over fartsgrensa. På lovdata.no går det fram at ein då får 6400 kr i bot.

Hadde vedkomande køyrd ein km/t fortare, hadde bota vorte 8500 kr.

– Når fartsgrensa er 60 km/t mister ein lappen viss ein køyrer over 26 km/t. Viss fartsgrensa er 70 km/t eller høgare mister ein lappen viss ein øyrer 36 km/t over grensa, fortel Rebnord.


Artikkeltags