Eikefettunnelen stengt: To bilar fekk kabel i tak og panser i Vikanestunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 12.27 onsdag ettermiddag fekk politiet melding om gjenstand hengande frå taket i Vikanestunnelen i Lindås kommune.

Vikanestunnelen lar seg ikkje stenge med fjernstyring frå Vegtrafikksentralen, og dei valgte difor å stenga Eikefettunnelen for å få stansa trafikken på E39.

– Ein sjåfør melde frå om at han fekk ein kabel i panseret, seier lensmann Kjell Idar Vangberg om hendinga.

Det skal ha vore ein lastebil med leigebil på lasteplanet som har forårsaka at kabelen losna frå tunneltaket.

To sjåførar melder ai dei har fått kabelen i biltaket og så på panseret.

– UP er til stades og tunnelen er stengt, opplyser Vangberg til Avisa Nordhordland.

Politiet melder at det ikkje skal vera personskade i samband med hendinga.

Artikkeltags