MC-førar omkom etter ulykke på E39

Ein lokal mann døydde etter å ha krasja i autovernet.

DEL

(BA:) Torsdag klokka 0820 fekk naudetatane melding om ei MC-ulykke i Gjervik, like utanfor Knarvik, i Lindås.

Politiet har danna seg eit klart bilde av korleis ulykka skjedde.

– I samband med forbikøyring har motorsykkelen lagt seg inn mellom to bilar. Då mista føraren kontrollen og kolliderte med autovernet på høgre side, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt til BA.

MC-føraren, ein mann frå Nordhordland i 30-åra, vart køyrd til Haukeland sjukehus etter ulykka, men livet sto ikkje til å redda.

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

– Vi har eit klart bilde av kva som har skjedd, men det står att ein del avhøyr og etterforsking i saka, opplyser Vangberg.

Avdøde sine pårørande er varsla. Namnet på den omkomne er førebels ikkje frigjeve.

Statens vegvesen sin ulykkesgruppe skal gjera undersøkingar på ulykkesstaden, der det er 70-sone.

Artikkeltags