Bil i fjellveggen på E39

DEL

Oppdatert: Føraren av bilen vert tilsett av ambulansepersonell på staden, og politiet dirigerer trafikken. Det vert meldt om mindre trafikale problem.

Ein bil har køyrd i fjellveggen på E39 ved Vikanes i Lindås kommune.

– Ein bil er involvert. Airbag er utløyst, og personen skal vera ute av bilen, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Naudetatane er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen vest opplyser at det er redusert framkome på staden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags