Hjulet på ein buss byrja å brenna – tunnel på E39 vart stengt

Eikåstunnelen vart stengt i retning Bergen.

DEL

BA: Politi og brannvesen fekk like etter klokka 12 melding om at det brant i hjulet på ein buss i Eikåstunnelen på E39 i sørgåande retning.

OPPDATERT: Klokka 12.30 melder vegtrafikksentralen at vegen er opna etter hendinga.

Nødetatene rykka ut, og tunnelen vart først stengt i begge retningar. Klokka 1215 vart tunnelen åpna i retning nordover.

– Det har begynt å brenna i eitt av dekka på bussen, men brannen vart fort sløkt. Bussen står no på utsida av tunnelen i retning Bergen, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Ho fortela at alle som var i bussen skal ha kome seg ut ved eigen hjelp.

– Dette var ikkje en rutebuss, så det var ikke passasjerar om bord. Eg veit ikke kor mange som befant seg i bussen då det byrja å brenna, men alle hadde kome seg ut på eiga hand. Bussen køyrde ut av tunnelen og stoppa på utsida, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Ole Jakob Hartvigsen.

Brannen var sløkt då brannvesenet kom til staden.

– Vi kontrollerer bussen no, seier Hartvigsen.

Ingen har kome til skade, og hendinga har ikke skjedd i samband med ei ulykke, opplyser politiet.


Artikkeltags