19-åring tatt i 158 km/t på Åsaneveien

19-åringen blei stoppa av politiet. Dei tok ei gjennomsnittsmåling på 158 km/t.

19-åringen blei stoppa av politiet. Dei tok ei gjennomsnittsmåling på 158 km/t. Foto:

Ein ung mann vart stoppa av UP i 80-sona på E39. I bilen sat også to unge passasjerar.

DEL

Det opplyser politiet til BA fredag morgon.

– Mannen vart stoppa av UP i natt i totida, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen.

– Var det laserkontroll?

– Nei. Det vart gjennomført ei gjennomsnittsmåling, seier ho.

Det vil seia at farten vart målt av patruljebilen som låg bak 19-åringen. Dette har dei eit eige instrument for i køyretøyet.

– I bilen sat det to passasjerar. To kvinner på 17 og 18 år, seier Knappen.

– Kva tenker politiet om at han køyrde i 158 km/t i 80-sonen?

– Det er skremmande fort. Vi ser svært alvorleg på saka.

Førarkortet til den unge mannen er beslaglagt, og saka er meldt til politiet.

Artikkeltags