Mista førarkortet i Romarheimsdalen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Onsdag kveld hadde politiet trafikkontroll i Romarheimsdalen frå klokka 20 til 22.

– Det vart skrive ut seks forenkla førelegg, og gjort eitt førarkortbeslag, fortel fungerande lensmann i Nordhordland, Ivar Holmaas.

– Føraren som fekk beslaglagt førarkortet vart målt til 117 km/t i 80-sona.

Rundt midnatt stoppa ein patrulje frå UP ein bil på Flatøy.

– Førar hadde ikkje gyldig førarkort, i tillegg vart det gjort funn av ei mindre mengd narkotika i bilen, seier Holmaas.

Det vert oppretta sak på tilhøvet, og bilføraren vart dimmitert på staden.

Artikkeltags