– Det var veldig mykje røyk

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein bil sto i full fyr i Romarheimsdalen torsdag ettermiddag. Flammane spreidde seg etter kvart til terrenget.

DEL

BA har snakka med vitnet som filma videoen du kan sjå i saka.

– Dette skjedde i bakken rett før tunnelen i Romarheimsdalen. Det var veldig mykje røyk og vi høyrde små eksplosjonar, seier han til BA.

Det sat to personar i bilen. Køyretøyet skal ha begynt å brenne i fart. Dei klarte heldigvis å køyre inn til sida og komme seg ut av bilen.

– Vi fekk melding om dette klokka 1630. Brannvesenet kom fram klokka 1645. Då var bilen overtent og flammane hadde spreidd seg til terrenget. Bilen som brant, var ein dieselbil, seier vaktkommandør Peter Nordgreen til BA.

Den er det ikkje mykje igjen av no.

– Brannen vart slukka i bilen og i terrenget. Ingen vart skadd, seier han.

Artikkeltags