To bilar støytte saman på E39 i Knarvik

Mistenker at den eine bilføraren ikkje overheldt vikeplikta.

DEL

BA: Politiet fekk melding om trafikkuhellet klokka 22.09 tysdag.

– Det har vore ein samanstøyt mellom to bilar, og dette skal ha skjedd i lav fart, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Uhellet skjedde på E39 mellom Hagelsundbrua og Knarvik senter.

– Ingen personar kom til skade. Det vart berre mindre skade på bilane. Begge var køyrbare, seier operasjonsleiar.

Politiet har oppretta sak på forholdet.

– Det er mistanke om at den eine føraren ikkje overheldt vikeplikta.

Artikkeltags