To bilar i frontkollisjon på Hylkje

Ulykke i Steinestøvegen.

DEL

BA: Det melder Bergen brannvesen klokka 0920.

Ulykka skjedde på E39 like ved Sparbutikken.

– To biler kolliderte delvis front mot front, den eine av dei ein elbil. Det er bestilt tauebil til begge bilane, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund.

Alle personane involvert skal ha kommen seg ut av køyretøya. Naudetatane er på veg mot ulykkesstaden.

– Det er ikkje meldt om personskadar, de skal vere oppegåande de som var i bilane. Men ambulanse er også på veg og vil ha tilsyn med dei, seier Lund.

Skadeomfanget er foreløpig ukjent.

– Det er ein del trafikale problem. Eg veit ikkje om det er glatt på staden, men det er jo grunn til å tro det

Vegtrafikksentralen melder om køar på staden.


Artikkeltags