Kaos i ettermiddagstrafikken – Hordviktunnelen er stengt

I 17.25-tida stod trafikken på Flatøy meir eller mindre i ro. Foto: Julie Sætre
OPPDATERT: Klokka 19.31 melder Vegtrafikksentralen at Hordviktunnelen no er opna att.
Klokka 18.55 viste dei framleis ikkje kor tid Hordviktunnelen vert opna att.
– Ein driv på med sikring og testing av skada utstyr i tunnelen, sa Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.
Ho fortalte at dei ikkje har fått noko melding på kor tid vegen kan opna att.
Det var midt i ettermiddagsrushet, måndag, at Hordviktunnelen vart stengt. Årsaka var ein lastebil som køyrde oppi fleire av viftene i tunnelen. Vegtrafikksentralen fekk melding om hendinga klokka 16.15.
– Me må få inspisert tunnelen før den vert opna igjen, sa Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.
Lastebilen skal ha vore borti fleire viftekassar i tunnelane.
Dei kjem ikkje til å opna før tunnelkassane er fiksa og festa att.
Bergens Tidende melder at også Fløyfjellstunnelen er stengt, og at det er same lastebil som har skada begge tunnelane. Fløyfjellstunnelen er stengt i sørgåande retning, noko som betyr at lastebilen kom frå Nordhordland og køyrde retning Bergen.
Køtrøbbelet fører til enorme forseinkingar. Ein bilførar avisa Nordhordland har vore i kontakt med har brukt nesten ein time på 600 meter over Flatøy, retning Bergen.
I 1800-tida var det framleis ein god del kø mellom Bergen og Nordhordland.
Rundt klokka 18.30 fekk ein på plass trafikkdirigentar.
– Først og fremst skal dei stoppa større køyretøy å køyra om Hordvik og Salhus, seier Norheim.
– Forhåpentleg vil det bidra til at det ikkje vert full stans, seier ho.
Eidsvågtunnelen var stengt i retning Bergen grunna problem med trafikkavviklinga ei tid, men har like før klokka 19 opna for trafikk i det høgre feltet. Fløyfjellstunnelen er framleis stengt, så alle bilar må køyra via Bergen sentrum om ein skal sørover via Åsane.
Saka vert oppdatert
Kommentarer til denne saken