Eikefettunnelen var stengt etter bilstans

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein bil fekk stans inne i tunnelen

DEL

Siste: Politiet har vore på staden, og ingen bil vart funne. Tunnelen er no opna.

Vegtrafikksentralen vest melder at Eikefettunnelen på E39 i Lindås er stengt.

Grunnen er at ein bil har fått stans inne i tunnelen.

– Vi har stengt tunnelen på oppfordring frå politiet, seier trafikkoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen.

– Det er ikkje havarilomme i Eikefettunnelen, og bilen står i køyrebana. Difor bad politiet oss om å stenga tunnelen, seier han.

Politiet er på veg til staden.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags