Gå til sidens hovedinnhold

Dyretragedie i Hordvik: Kyr fall ned i gjødselkjellar

Artikkelen er over 3 år gammel

Nødetatane rykka ut til dyretragedie på Hordvik.

Det var klokka 06.40 tirsdag at 110-sentralen meldte at dei rykka ut til dyr i nød i Hordvikvegen.

– Ein bonde meldte frå om at fire kviger hadde falle ned i ein gjødselskjellar, forklarer vaktkommandør ved 110-sentralen til BA.

Då brannvesenet kom til staden vart det klart at ei av kvigene var død.

Brannvesenet starta arbeidet med å få ut kyrne som framleis var i live.

Les også

Då eigaren var stranda på ein holme måtte brannvesenet rykka ut og redda hunden frå ei fjellhylle

Politiets operasjonsleiar Frode Kolltveit forklarer at dyra skal ha falle ned ein etasje.

– Mattilsynet er varsla, og det vil bli vurdert nødslakt av dyra om dei er skada, seier Kolltveit.

Politiet opplyser at ei dør til låven skal ha stått open, og dyra har då hatt tilgang til bygget der golvet ikkje har tålt vekta deira.

Klokka 08.30 var alle kyrne henta ut frå kjellaren.

– Dei vert sjekka no av veterinær for eventuelle skader.

Klokka 09.35 melder politiet at veterinæren på staden stadfestar at dei tre dyra er ok.

Les også

Melandsbonde må avliva kyr som får brusboksar i fôret: Dyra lir ein sakte og smertefull død

Kommentarer til denne saken