Tidlegare rektor om elevflytting i Austrheim: - No er det på tide at dei viser handlekraft «og har baller»

Årås skule

Årås skule Foto:

Av

Førstesida i Strilen fredag 6.desember: «Foreldre rasar mot elevflytting». Eg kan skjøna foreldra som er uroa over dette lite pedagogiske grepet av rådmannen i Austrheim.

DEL

Men er det ikkje på tide å realisera ein ungdomsskule i den vesle kommunen vår igjen?

Då Årås skule vart planlagt og bygd på 70- og 80-talet, såg ein for seg ein folketalsvekst som gav rom for to ungdomsskular. Romplanen på Årås tok høgde for eit årleg elevtal på 35 til 40. Elevtalet har sidan 1990-talet gått nedover og det er i dag lite rom for å ha to ungsomsskular, korkje pedagogisk eller økonomisk.

Neste skuleår vil det på dei to skulane vera om lag 100 elevar på ungdomssteget. Dette er same elevtalet som Årås hadde i 90-åra. Største kullet som gjekk ut frå skulen var på 44 elevar, og det var 5 klassar på ungdomssteget. Over 250 elevar på heile skulen (1.-9.)

Årås kan ta mot alle elevane frå ungdomstrinnet på Kaland, 30-35, utan å måtta byggja på skulen ein kvadratmeter.

Det vil ikkje vera meir enn 5 klassar på ungdomssteget i overskueleg tid. Romplanen på Årås er så fleksibel at dette let seg ordna utan dei store vanskane. I tillegg har ein areal i Austrheimhallen og idrettsbygget tett attmed som kan nyttast. Arbeidsplassar for lærarane skal det og vera. Ein viss økonomisk vinst vil det nok vera med å samla ungdomsskulen, men det største fortrinnet er pedagogisk og sosialt for ungdomane.

Det er sterke kjensler som kjem fram når det vert snakk om ein ungdomsskule, særleg på Fonnes-sida av kommunen. Politikarane har gått rundt grauten i denne saka alt for lenge. No er det på tide at dei viser handlekraft «og har baller» som fylkesmann Sponheim noko sleivete sa om eit kommunestyre i ein Hordalandskommune for ein del år sidan.

La alle elevane på ungdomssteget på Kaland flytta til Årås hausten 2020, ikkje berre de stakkars 4-5 på 8.trinn!

Å byggja ein ny ungdomsskule på Bakkøy, som har kome fram i debatten, er fullstendig urealiskisk både økonomisk (minst 100 mill) og sosialt. Det får tankane tilbake til striden i Øyane for 100 år sidan. Der enda det med at dei sette opp eit skulehus på ei øy der ingen budde. Ingen skulle ha fordelen ved å sleppa å fara i båt når ungane skulle på skulen.

Ein er vel komen lenger i Austrheim i 2019 ….eller er ein ikkje det?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags