Kiwi startar ny priskrig: kuttar prisane på 70 pålegg- og frukostprodukt

Kiwi gjer det fjerde priskuttet på ti månader. Her kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi.

Kiwi gjer det fjerde priskuttet på ti månader. Her kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi. Foto:

Av

Startar priskrig på havregraut, makrell i tomat og kokt skinke. Konkurrentane føl opp umiddelbart.

DEL

Det skriv Nettavisen.

– Dette er eit stort kutt for oss. Dette er produkt som vi sel store mengder av kvar einaste dag, seier Kristine Aakvaag Arvin, kommunikasjonssjef i Kiwi, til Nettavisen.

Norges nest største daglegvarekjede, Kiwi, kutter tysdag prisane på ei rekke pålegg- og frukostprodukt med nøkkelhol i anledning skulestart.

Priskuttet er ikkje et tilbod, men ein permanent reduksjon i pris.

Konkurrenten Extra bekreftar at de matchar kuttet til Kiwi. 

– Vi har lovd kundane, som er dei som eig oss, at vi skal gjere det «Extra-billig» å handle, så sjølvsagt er prisane justert ned hos oss, seier kjedesjef Christian Hoel til Nettavisen.

Det same gjer Rema 1000.

– Kundane våre skal føle seg trygge på at de til ein kvar tid får de lågaste prisane hos oss i Rema 1000. Vi har sett ned prisane på dei aktuelle produkta, skriv kommunikasjonssjef Anne-Kristin Pettersen i Rema 1000 til Nettavisen.

Produkta inkluderer populære produkt som Gilde kokt skinke, røykt laks frå Lofoten og Stabburet Makrell i tomat. Priskutta gjeld 70 produkt og prisreduksjonen er mellom 5 og 20 prosent. De aller fleste kutta er likevel på minst 10 prosent.

– Mange av varene er bestseljarar vi sel veldig mykje av. Eksempelvis Gilde kokt skinke 110 gram, som vi sel 68.000 pakker av i veka, seier Arvin.

– De har tidlegare kutta med opp til 40 prosent. Kvifor berre 20 prosent denne gongen?

– Mange av desse varene er store volumvarer som er veldig prispressa frå før. Det er difor eit betydeleg kutt for oss, seier ho.

Velje sunt

Ho seier at dei kuttar nøkkelholsprodukt for å gjere det lettare og billegare å velje sunt.

– Av erfaring veit vi at kundane handlar sunnare varer, når desse varene blir billigare. Vi kutta prisen på nøkkelholsprodukt tilsvarande momsen i 2011. Då auka salet av disse varene med 22 prosent, seier Arvin.

Priskuttet er det fjerde til kjeda på under eit år. For ti månader sidan kutta Kiwi prisane på hygieneprodukt, etterfølgt av pizza- og tacovarer og lettbrus.

I alle tilfella har dei to andre lågpriskjedene, Rema 1000 og Extra, følgt opp med å kutte prisane like mykje eller i nokre tilfelle til og med meir.

Extra kutta dessutan prisane på fiskeprodukt i førre veke, noko som vart umiddelbart følgt opp av konkurrentane.

– Det er gøy med konkurranse og at Kiwi følger etter oss, og at dei denne gongen gjer det på sunne produkt, det er bra for kundane, seier Extra-sjef Hoel.

Artikkeltags